Vi i NVE arbeider for at vi som samfunn skal handtere klimaendringar, fornybar energi, forsyningssikkerheit, flaum, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk i åra som kjem.
Vi vart grunnlagt i 1921, er underlagt Olje- og energidepartementet og har ansvar for å forvalte vass- og energiressursane til landet.
Vi varetek også dei statlege forvaltingsoppgåvene innanfor skredførebygging.
Vi skal sikre ei samla og miljøvenleg forvalting av vassdraga, fremme ein effektiv kraftomsetnad, kostnadseffektive energisystem og bidra til ein effektiv energibruk.
Vi skal vidare gjere samfunnet betre rusta til å handtere flaum- og skredfare og er sentrale i beredskapen for ras, flaum og ulykker i vassdraga.
Vi leier den nasjonale beredskapen på kraftforsyning. Vidare er det NVE som behandlar søknader om konsesjon for bygging av kraftstasjonar, kraftlinjer, transformatorar og andre installasjonar i kraftforsyninga, og regulering av vassdrag.
Vi arbeider både med endringar som bidreg til å redusere utsleppa frå klimagassar og til å tilpasse samfunnet til klimaendringane.
Vi er engasjert i forskings- og utviklingsarbeid, internasjonalt utviklingsarbeid og er nasjonal faginstitusjon for hydrologi.