Kleven har gjennom mange tiår vore eit sterkt merkenamn innan skipsindustrien, både innanfor nybygg og service. Green Yard Kleven AS i Ulsteinvik byggjer store, avanserte fartøy innan fleire segment. Verftet skal også satse stort framover på å drive miljøvennleg resirkulering og ombygging av skip. Verftet har effektive fasilitetar for tidleg utrustning og montering på bedding, og er det verftet i Noreg som har størst grad av eigen robotisert stålproduksjon og modulbasert skipsbygging. Framtidsretta og innovative løysingar basert på teknologisk utvikling, effektiv produksjon, god kvalitet og skipsbyggarar i verdsklasse bidreg til å auke Kleven si konkurransekraft i marknaden. Green Yard Kleven høyrer til under Green Yard Group. Verftet er ISO-sertifisert innan miljø og kvalitet
Gjennom alle år har viljen til hardt arbeid og eit ønske om å stadig forbetre arbeidsmetodar og resultat vore eit kjennemerke. Sjølv om mykje har endra seg oppgjennom historia vår, har verdigrunnlaget som Marius Kleven formulerte i 1944 vore det same: - Vi skal gjere godt arbeid, og vere til å stole på.
Industry
Maintenance and repair services for industrial equipment, Industrial subcontractors, Metals, Machinery & Engineering, Shipbuilding and maintenance services, Means of transport, Transport & Logistics
HQ Location
Klubbenesvegen 39
NO,Møre og Romsdal,Ulsteinvik,6065
Keywords
Shipbuildingrecyclingship repairrebuliding ships