Alver kommune er ein av dei største kommunane i Vestland fylke, med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar.
Vi tilbyr meiningsfylte samfunnsoppgåver og moglegheit for eigenutvikling og karriere. Bli med på laget og gi innbyggjarane våre gode tenester i åra som kjem.
Kommunesenteret Knarvik ligg ein halvtime nord for Bergen. I Alver har vi mange fine tettstadar og flott natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. Velkommen til oss!