NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. Selskapet tilbyr i tillegg avfallstenester til næringslivet i regionen. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune. NGIR har 80 tilsette og omset for om lag 125 millionar kroner
NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima.
NGIR tilbyr avfallsløysingar, rådgjeving og tenester til industri og næringsliv i regionen. I tillegg utfører selskapet slamtømming og tek imot bilvrak. NGIR har også eit eige steinuttak, og i Kjevikdalen i Alver kan ein kjøpa stein, sand, pukk og grus.
NGIR driv informasjonsverksemd for å fremja kjeldesortering, og tilbyr opplegg for skuleklassar i våre eigarkommunar.