Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har ansvar for å følgja opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.
Ledige stillingar: https://www.jobbnorge.no/search/nb?OrderBy=Published&Period=All&employer=1451#1
Statsforvaltaren utfører ulike forvaltningsoppgåver på vegner av departementa. Me kontrollerer også verksemda i kommunane og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Statsforvaltaren har derfor fagkunnskap på ei rekkje overordna samfunnsområde, samtidig som vi har viktig lokalkunnskap.
Me skal dessutan syta for rettstryggleiken for enkeltinnbyggjarar, verksemder og organisasjonar ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, likeverd, føreseielegheit, handlefridom og habilitet. Bent Høie er statsforvaltar i Rogaland.