Vindafjord kommune og Ølen kommune vart samanslegne til Vindafjord kommune frå 01.01.2006. Kommunesenteret er i Ølen, men kommunale tjenester ligg også i Sandeid. I kvar av dei 9 bygdene er det grunnskule, SFO og barnehage.
Folketal
Pr. 01.01.2014 hadde Vindafjord kommune 8 747 innbyggjarar.
Areal
Vindafjord kommune har eit areal på 620 km2.
Det er berre 4 kommunar i Rogaland som er større enn Vindafjord i areal.