Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter og har eit variert og flott skiterreng. Her finn du 11 heisar, 24 nedfarter og 40 km preparerte løyper, i tillegg til flotte frikjøringsmuligheiter i umiddelbar nærhet til heis. Me har kveldskøyring tre dager i veka, i meir enn 10 km lyssatte løyper.
Under Voss Resort finn ein og Voss Gondol - Nord-Europas største og mest moderne gondolbane. Bana frakter deg frå Voss Stasjon (56 moh) til Hangurstoppen (820 moh) på mindre enn 9 minutt. På toppen venter Voss sin største restaurant; Hangurstoppen Restaurant, samt eit eldorado av aktivitetar gjennom heile året.
I Voss Resort bur du i moderne sjølvhushald hytter og leiligheiter gjennom heile året, med skibakken like utanfor hyttedøra og Voss sentrum berre 5 minutt unna. Det er korte avstander til dei aller fleste aktivitetar - Voss Resort kan difor fint nyttast som base.
Draumer du om din eigen fritidsbolig på fjellet - ta gjerne kontakt med oss. Hjå oss køyrer du til døra heile året og det er ingen stengde fjelloverganger på vegen. Hyttene i Bavallen har fantastisk utsikt og gode solforhold, med ski-in/ski-out fasilitetar.
Du finn oss berre 1,5 time frå Bergen og 5 minutt frå Voss sentrum. Berre Voss e Voss.