Voss herad vart etablert 1. januar 2020, som eit resultat av samanslåing av Voss kommune, Granvin herad og Oksenhalvøya frå Ullensvang herad. Voss herad er sentralt plassert i Hordaland, i hjarta av fjord-Noreg. Voss er eit knutepunkt både mellom Hardanger og Sogn, og mellom aust og vest. Både Bergensbanen, stamvegen E16 og riksveg 13 går gjennom kommunen. Bergen ligg berre ein times togtur unna. Voss er ein skulestad med to store vidaregåande skular og lange tradisjonar. Mest kjent er Voss kanskje som bygda der ein et smalahove, driv med ekstremsport og er flink på ski.