SSR er eit interkommunalt selskap med kontor i Saunesmarka i Ulsteinvik. Vi har ansvaret for avfallshandteringa for hushaldningane i dei fire kommunane Herøy, Hareid, Sande og Ulstein. Dette gjeld både faste bustadar og fritidseigedomar. Vi skal sikre ei effektiv og forsvarleg handsaming av avfallet i tråd med gjeldande forskrifter og regelverk. Vi har også ansvaret for å organisere slamtømminga i dei fire kommunane.
SSR blei etablert i 1980. Kommunane Hareid, Ulstein og Herøy gjekk saman for å lage eit felles interkommunalt selskap . I 1995 blei også Sande kommune ein del av selskapet. Det er ca 24 000 innbyggjarar som bur i dei fire eigarkommunane og SSR har ca 10 000 abonnentar.
SSR ynskjer å vere ei framtidsretta miljøbedrift og vi ynskjer å vere ein positiv ressurs for lokalsamfunnet og våre eigarkommunar.