Ryfylke Næringshage AS er eit regionalt innovasjons- og utviklingsselskap som arbeider for nyskaping, vekst og utvikling i og for næringslivet i Suldal, Sauda og Hjelmeland i Ryfylke. Me meiner at eit aktivt næringsliv gir eit godt og berekraftig bygdeliv, og engasjerer oss i satsingar og aktivitetar som bidreg til dette. Me er ein Siva-partnar og er del av det nasjonale Næringshageprogrammet. Selskapet er eigd av privat næringsliv, Suldal kommune og Siva.
Me rettleiar gründerar og nyetablerte verksemder, og hjelper bedrifter i sine innovasjons- og utviklingsprosjekt. Me bidreg til å finne finansiering, og me gjennomfører seminar/program, kurs og bidreg til kompetanseheving i næringslivet. Me koplar bedrifter og menneske saman for verdiskaping, vekst og ei berekraftig utvikling og me legg til rette for fleire større og mindre møteplassar gjennom året. Selskapet er også reiselivsansvarleg på vegne av Suldal kommune, og driftar VisitSuldal og merket for berekraftig reisemål.