Access 6 Verified Employees Profiles for Hardingsmolt AsUnlock Free Contacts Now
About
Hardingsmolt i Tørvikbygd er eit settefiskanlegg som får inn rogn, klekker denne til yngel og sender smolten vidare når den er 200-400 gram. Laksen er då ferdig smoltifisert og går i brakkvatn (me pumpar opp sjøvatn) hjå oss. I dag sender me den oftast vidare til våre lukka merdar på Fitjar for neste vekstfase, men me kan la fisken vekse opp til ein kilo i landanlegget også. Våre lukka merdar på Koløy (Fitjar) er ein eigen avdeling i Hardingsmolt AS. Hovudvekta av tilsette er på settefiskanlegget i Tørvikbygd, men det er også sju tilsette ved avdelinga på Fitjar.
Anlegget i Tørvikbygd har røter tilbake til ein oppstart i 1986, men dagens organisasjon er frå 2006. Når fisken er klar for levering frå Tørvikbygd vert den frakta i røyr som går tvers under Fylkesveg 576 og ned til kaianlegget ved Solheim. Der kan brønnbåt leggje til og laksen vert flytta enten til Fitjar, Bømlo eller Austevoll. Avdelinga vår på Fitjar har vore drifta sidan me fekk grøn konsesjon i 2016. Avfall (fiskeslam) frå produksjonen vert samla og henta for levering til biogassanlegg.