Hå kommune ligg i Rogaland fylke, 40 kilometer sør for Stavanger. I dag har kommunen i overkant av 19 000 innbyggarar. Hå kommune er rundt 255 km² i areal.
Om lag halvparten av arealet i kommunen er nytta til jordbruksformål, og Hå er den største landbrukskommunen i Noreg. Hovudvekta i jordbruket ligg på husdyrbruk med grasdyrking. Næringsmiddelindustrien og den mekaniske industrien er dei dominerande industrinæringane. Hå kommune er den største arbeidsplassen i lokalsamfunnet med om lag 1000 årsverk.
Tettstadane har vakse fram kring dei seks jernbanestasjonane Nærbø, Varhaug, Vigrestad, Brusand, Ogna og Sirevåg. Rådhuset med kommuneadministrasjonen er på Varhaug.